
Gode medlem og medhjelpar
I året som er gått, må vi kunne seie at vi har klart å oppfylle oppgåva vår som organisasjon ganske godt: «å verne- og formidle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap». 50-årsjubileet gav oss moglegheit for å kome ut med informasjon om verksemda vår i eit breitt spekter av kanalar. Gjennomføringa av jubileet kravde svært stor innsats frå mange og særleg frå medlemmene i dei spesialoppnemnde ad hoc-gruppene som var i sving: Jubileumsgruppa og Monumentgruppa. Tusen takk for vel utført jobb! Takka vere denne store innsatsen vart også resultatet deretter. Vi fekk svært mykje godord frå publikum, både under jubileet og i etterkant. Også hovudgjesten vår, H.M. Dronning Sonja, gav rosande omtale og melde at ho sette stor pris på å bli invitert.