Helga 8.–10. mai var det årets første dugnad på Ytste Skotet. I alt 15 personar møtte til dugnad, og det vart gjort mykje viktig arbeid både ute og inne før sommarsesongen.

Dugnadshelg 8. - 10. mai 2026

Reinvaska hus og god start

Driftsgruppa var på Skotet 5. mai og vaska, støvsuga og gjorde reint i hus og stabbur. Det var triveleg å kome opp til reinvaska hus!

Asgeir, Svein Elling og Terje handla inn mat og reiste over tidlegare på dagen fredag. Det var mykje av ulike ting som skulle opp, og det vart tre fulle lass på taubana.

Flaggstonga som har vore lagra på låven i vinter, vart sett opp og flagget heist.

Arbeid med vasshjulet

Av arbeid er det vasshjulet som framleis byr på utfordringar. Det dukkar stadig opp nye problemstillingar, men Per Brathaug og Knut Søvik klarer å løyse det meste!

No var det sjølve hjulopphenget som hadde flytta på seg i løpet av vinteren, og det vart grave grøfter ned til fast fjell. Labankane må forankrast skikkeleg med nedbora stålstag. Prøvekøyringa som vi hadde tenkt oss til med, måtte utsetjast.

Rydding og nytt verktøyområde

Det vart rydda og laga til eit område i løa der alt av verktøy skal oppbevarast. Ny arbeidsbenk vart laga, og alt som var oppbevart i smia vart frakta opp.

No har vi eit triveleg og flott lokale som vi kan bruke til ulike gjeremål.

Opprydding ute og inne

Det vart også rydda oppe på stalltrevet, og ei mengde med rusk vart brend på bål. Det gamle hagegjerdet nedom løa, som var sterkt til nedfalls, vart også tatt ned.

Det måtte ha vore sterk vind på Skotet i vinter, for ein god del skog var brotna ned. Dette vart det også rydda opp i.

Det vart sett opp eit gjerde av plank med grind inn mot utedoa, slik at geitene ikkje kjem inn der.

Gammal løypestreng funnen fram

Den gamle løypestrengen som gjekk nedetter hamrane på nedsida av dyrkamarka vart leita fram. Der drog dei opp høy i gammal tid som vart hausta på uteslåttane der nede.

Roger Furset fann enden på løypestrengen.

Branntryggleik, HMS og vedlikehald

Det vart skifta batteri i alle røykvarslarane, og alle pulverapparat vart snudd på. Brannslange vart brukt til spyling på låven. Alt fungerer som det skal!

Det vart leita og funne eit område med stein som kan passe til bruk i smia. Det kan sjå ut til at vi slepp å gå laus på stabburstrappa.

Nye handtak vart montert på kommoden på Lisjestova. Pipene på huset vart feia.

HMS og opplæring på dei ulike reiskapane vart utført.

Vassprøver og vidare arbeid

Vassprøver vart tatt for analyse. Resultatet av analysane viste for høgt bakterietal. Det betyr at vi må opp igjen før sesongstart og klorvaske brønn og vassinntak.

Triveleg dugnadshelg

Triveleg var det å kome i hus om kvelden, då veret var skiftande og litt småsurt. Rømmegraut til middag og heimelaga Toro sjokoladekake til kaffien. Då var alt fullkome.

Heimreisa søndag kveld måtte utsetjast nokre timar, då det bles godt på fjorden.

Deltakarar på dugnaden

I alt 15 personar møtte på den første dugnaden i år:

Reidar Furset, Asgeir Kvernberg, Per Brathaug, Jens Petter Søvik, Svein Elling Barlindhaug, Knut Søvik, Per Ivar Vestre, Roger Furset, Kari Kjærnet, Håvard Furnes, Nina Rolstad, Rebekka Kolvik, Martin Olsvik, Frode Dyrkorn og Terje Haugseth.

I tillegg stilte Tor Einar Amdam og Frode Dyrkorn opp med transport med eigne båtar, og Bjørn Steinar Skarbø køyrde Skotsbåten.

PS: Sjå på Facebook-sida til dugnadsgruppa Ytste Skotet. Der ligg alle dei flotte bilda Rebekka Kolvik har lagt ut.

No items found.
No items found.
Rebekka Kolvik