Bli medlem i Storfjordens Venner
Medlemskontingenten går til arbeidet vårt med å restaurere og halde ved like fjordgardar og bygg langs Storfjorden.
Det er framleis mange bygg som treng å bli redda og verna. Som medlem er du med på å støtte dugnadsarbeid, formidling, turar, arrangement og levande møteplassar knytt til fjorden og fjordgardane.
Medlemskoppen
Alle nye medlemer får Medlemskoppen gratis tilsendt etter innmelding. Koppen er ein liten takk frå oss – og eit symbol på fellesskapet rundt Storfjordens Venner. Ta han gjerne med på tur langs fjorden, til ein av fjordgardane eller på arrangement.
Er du allereie medlem? Då kan du kjøpe Medlemskoppen for kr 200,- ved ulike arrangement og ved besøk på Ytste-Skotet no i sommar.


Medlemskontigent
Du kan teikne medlemskap som enkeltmedlem, familie eller bedrift.
- Enkeltmedlem. Årskontigent kr 300,-
- Familie. Årskontigent kr 500,-
- Bedrift. Årskontigent kr 900,-
Betal medlemskontigent direkte via Vipps #107649. Alternativt kan du i kontaktskjema be om å få faktura tilsendt på e-post.
