Årsrapporten syner auka medlemstal, noko som truleg skuldast det gode omdømme foreininga har opparbeidd gjennom femti år. Vi trur også at det omfattande jubileumsprogrammet, avslutta med stor folkefest og avduking av monumentet "Fjordafolket " i Geiranger 6. september 2025, hadde betydning. Monumentet av Ola Stavseng har fått mange godord og vil utan tvil bety mykje også i framtida.
Styret har elles starta eit strategisk arbeid med tanke på rekruttering av nye medlemmer. Ei solid medlemsmasse er viktig med tanke på det viktige kulturminnearbeidet til Storfjordens venner.
Årsmøtet vart i år halde på Vaarvon i Straumgjerde. Dette vakre ungdomshuset er blitt restaurert på mønsterverdig vis og er blitt tildelt prisen for Godt Vern. Restaureringa er gjennomført med stor pietet.
Årsmøtet var også arena for å takke folk som har bidratt på ekstraordinært vis til Storfjordens venner. Merete Løvoll Rønneberg var leiar av jubileumsnemnda, og la i det vervet ned ein ekstraordinær innsats. Som takk for innsatsen fekk ho eit nummerert og signert trykk av skissa til skulpturen "Mor og barn" - ein av dei tre skulpturane som utgjer Fjordafolket. Merete var synleg glad for gåva, men passa på å dele æra med fleire som hadde stått på for at jubileumsfeiringa skulle bli vellukka.
Reidar Furset har vore medlem av Storfjordensvenner frå foreininga vart stifta. Han har vore styremedlem så lenge vedtektene opnar for, og har vore guide på fleire turar. Som takk for innsatsen i styret fekk han eit utval lokalmat. Reidar kvitterte med at interessa hans for Storfjordgardane varer ved, og han vil gjerne engasjere seg vidare.
Inge Bjørdal fekk ros for innsatsen han har lagt ned for foreininga. Årsmøtet var glad for at Inge Bjørdal kan tenkje seg å halde fram som leiar. Inge sjølv seier at han lengtar etter at arbeidet med museumsreforma skal kome i mål. Også i den saka har Inge lagt ned ein stor og viktig innsats.