Foto: Mette Marie Døving
Sundag 31.05 arrangerte Storfjordens Venner tur til Kvernhusneset og Vikasetra i Fjord kommune.

Tur til Kvernhusneset og Vikasetra

Ideelle vêrforhold og godt oppmøte

Trass i litt dårlege meldingar fekk vi heilt ideelle vêrforhold for turen.

Torbjørn Osvik stod for båttransporten over fjorden frå Fjørå.

Det var over 30 deltakarar på turen, og mange av dei kom langveges.

Kvernhusneset

Kåre Tafjord ver vertskap på Kvernhusneset og tok i mot oss der med ei orientering om garden, historia og ættesoge.

Han har utført heilt utruleg mykje reparasjons- og vedlikehald på garden og husa som no framstår så velstelte at det var ein fryd for auget.

Vidare til Vikasetra

Turen gjekk heilt til Vikasetra. Denne setra er m.a. kjend for at det under krigen vart husa 6 russiske krigsfangar som hadde rømt frå ein fangeleir i Isfjorden og som klarte å halde seg i skjul her dei siste fem vekene til krigen var slutt. Bygdefolket og mor til Kåre var mellom dei som bringa mat (poteter og spekesild) til dei, og Kåre fortale korleis ho klarte å halde dette løynt ved å ta seg fram til setra via omvegar.

Også husa på Vikasetra er i dag velstelte, og det same er stølsområdet der det årleg vert slått og rydda. Storfjordens Venner har utført reparasjonar på eitt av stølshusa.

Historia om setra

Mette Marie Døving held eit flott innslag der ho fortalde om historia til setra, korleis dei steller husa og stølen i dag og snakka også ein del om seterdrifta her gjennom tidene. Ei redaksjonsnemnd av 5 lokale bygdekvinner har gitt ut denne rikt illustrerte boka «Setrar i Norddal» på 475 sider der alle kjende setrar i heile kommunen er omtala!

Kverhusneset og Viksetra er omtala i serien Gardane langs Storfjorden som du finn her:

Gardane langs Storfjorden - Vikasætra

Storfjordens Venner takkar vertskapet for flott tilrettelegging av turen.

No items found.
Foto: Mette Marie Døving
No items found.
Foto: 1./2./4. Mette Marie Døving 3. Inge Bjørdal