I 50 år har Storfjordens Venner teke ansvar for restaurering av fjord- og fjellgardar langs dei indre delane av Storfjorden, og for å dokumentere liv og lagnad til folket som budde her. Ei anna stor oppgåve er å ta vare på og formidle kulturarven og aktivitetar knytt til sjølve fjorden og det maritime. Foreininga sjøfart og sjøbruk i Storfjorden har no vedteke å gå inn i Storfjordens Venner og verte ei arbeidsgruppe der. Saman vil vi då kunne ta oss av kulturarven både langs og på fjorden m.a. ved å samle inn dokumentasjon, forteljingar og bilete. Føredrag med tema frå fjorden skal framleis hentast inn, så her vert det mykje å gle seg til i framtida også.
Vi trur dette samarbeidet vil styrkje båe foreiningane, både fagleg og med tanke på formidling av heilt sentrale delar av kulturarven på og langs Storfjorden.