Storfjordens Venner har i dag ein solid og brei oppslutnad i heile nedslagsfeltet for organisasjonen, men også langt utover dette. Mange har t.d. merka seg arbeidet vi står for og dokumentasjonen vi har fått laga i form av filmane Gardane langs Storfjorden. Desse filmopptaka har gitt oss svært mange og gode tilbakemeldingar, og har gitt oss sterk inspirasjon til vidare arbeid.
Ein stor del av verksemda vår er bygd på frivilligheit/dugnad. Inntektene våre kjem for ein stor del frå medlemskontingenten.
Dette er grunnen til at Storfjordens Venner no går ut med ein brei vervekampanje for å få med endå fleire i arbeidet vårt. I løpet av neste veke (36) og vidare vil vi legge eit flygeblad i postkassene i heile nedslagsfeltet vårt der vi forklarar kva arbeid vi utfører og kva organisasjonen vår står for, saman med ei oppmoding om å støtte oss i arbeidet ved å bli medlem.
Vi har også eit spesialtilbod om ein flott emaljert turkopp («Medlemskoppen») som dei som teiknar seg som medlem ila. 2026 får gratis.