Denne helga var det dårleg vêr med mykje regn og skodde, men oppmøtet var likevel bra. Mange møtte opp for å bidra, og både faste dugnadsfolk og nye krefter var med på arbeidet.
Bjørn Steinar Skarbø og Frode Dyrkorn stod for båttransporten.
Denne helga var det slåtten som var første prioritet. Med mange ungdomar med i arbeidet gjekk det raskt unna. Heile garden er på det meste nedslått, og graset vart raka saman og køyrt vekk.
Torvtaka på bygningane vart også slått. Det som står igjen er stykket ovanfor huset, men det vert teke på neste dugnad. Ole Fylling Reite tok seg av traktorkøyringa, og måtte vere ekstra varsam då det på grunn av alt regnet var både sleipt og glatt.
Det vart også utført skjøtsel av den utryddingstrua solblomen, som det finst ein del av på Ytste Skotet.
Vasshjulhuset og vasshjulet, som dugnadsgruppa har arbeidd med no i fleire år, vart ferdig denne helga. Det vart sett på vatn, og hjulet med reimoverføring til løa verka perfekt.
Dette var eit stort høgdepunkt i løpet av helga, og eit flott resultat etter mykje arbeid over lang tid.
Vinduet på skomakarloftet er i veldig dårleg stand, med store roteskader som må reparerast. Roger Furset skifta ei rute som var knust, og glasrute fann dei i løa.
Nokre av romma i huset vart også behandla for mott. Dette er viktig å gjere ein gong til før vinteren.
Eva Hove, Anne Karin Watters og Jorunn Lade tok seg av kjøkkenarbeidet på laurdag. Dei diska opp med dei beste rettar; rømmegraut til middag, brennsnut til kvelds og god sjokoladekake steikt i vedkomfyr.
Med dårleg vêr ute var det særs godt å kome i hus kveldane med god mat og drikke.
På tross av at dugnadshelga var prega av mykje regn og skodde, vart det ei triveleg og innhaldsrik helg på Ytste Skotet.
Neste dugnad vert fredag 25. til søndag 27. september.