Storfjordkalenderen har den same velkjende oppbygginga som tidlegare år, med ei variert samling av lokalhistoriske artiklar og bilete. Her får du ikkje berre ein kalender, men også eit innblikk i menneska, gardane, tradisjonane og kulturarven langs Storfjorden.
I 2027-utgåva kan du mellom anna lese om gamle kart over Storfjorden, Ljøvika, historia til garden Skjortneset og livet i Gomsdalen.
Kalenderen tek deg også med inn i historia bak etableringa av dei mange sandtaka langs fjorden, ystartradisjonane på Furstranda og Framgardsløa i Valldal.
Du kan lese om reparasjonen av steinvòren i Matvika, bli betre kjend med sommarvertskapet på Ytste-Skotet og fordjupe deg i eit historisk tema om konspirasjonsteoriar i mellomalderen.
I tillegg får du ei brei omtale av arbeidet Storfjordens Venner har utført gjennom året.
Kjenner du nokon som er glad i Storfjorden, fjordgardane og historia langs fjorden?
Då kan Storfjordkalenderen 2027 vere ei flott julegåve! Med kalenderen får du både vakre bilete og interessante forteljingar som kan lesast og setjast pris på gjennom heile året.
Kjøp kalenderen og støtt arbeidet til Storfjordens Venner med å verne kulturarven langs Storfjorden.
Pris: 190 kr
Kalenderen er til sals på følgjande utsalsstader:
Storfjordkalenderen 2027 – ei fin gåve, full av historier frå fjorden vår!