Foto Stephanie Grande
Gode medlem og medhjelpar I året som er gått, må vi kunne seie at vi har klart å oppfylle oppgåva vår som organisasjon ganske godt: «å verne- og formidle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap». 50-årsjubileet gav oss moglegheit for å kome ut med informasjon om verksemda vår i eit breitt spekter av kanalar. Gjennomføringa av jubileet kravde svært stor innsats frå mange og særleg frå medlemmene i dei spesialoppnemnde ad hoc-gruppene som var i sving: Jubileumsgruppa og Monumentgruppa. Tusen takk for vel utført jobb! Takka vere denne store innsatsen vart også resultatet deretter. Vi fekk svært mykje godord frå publikum, både under jubileet og i etterkant. Også hovudgjesten vår, H.M. Dronning Sonja, gav rosande omtale og melde at ho sette stor pris på å bli invitert.

Julehelsing 2025 frå Storfjordens Venner

Museumssaka
Denne saka har diverre utvikla seg i ei dårleg retning. På mange måtar må vi diverre seie at vi er «nullstilte», og er tilbake til der prosessen byrja for om lag tre år sidan. Eg vil difor ikkje bruke mykje plass til denne saka i julebrevet. Etter å ha venta på eit klargjerande vedtak frå dei som eigentleg burde syte for ei avklaring, såg dei seks musea som vart ståande utanfor seg nøydde til å realisere planen om å etablere eit eige museum.Påtenkt namn var Museum Nordvest, seinare omgjort til Sunnmørsmusea.

Tanken vår er nemleg at «utanformusea» saman med kommunane skal bli det framtidige konsoliderte museet for heile Sunnmøre, men med aksjeselskap som organisasjonsmodell. Ei slik organisasjonsformer gjennomført med hell på Nordmøre, og eit AS vil m.a. sikre demokratiskstyring av verksemda og lokalt eigarskap. Prosessen med å greie ut dette alternativet er gitt som oppdrag til cand. oceon Stein Storsul, tidlegare fylkeskultursjef i Sør-Trøndelag. Skipingsmøtet er planlagt 14. januar, 2026.


Foreininga for Sjøfart og Sjøbruk i Storfjorden (FSSS) vert ein del av StVe
FSSS har gjort vedtak om å bli ein del av Storfjordens Venner. Alle formalitetar for prosessen er godkjende av begge styra, men må godkjennast av årsmøtet vårt i 2026. FSSS vil inngå i StVe som ei arbeidsgruppe på lik line med Prosjektgruppa og Formidlingsgruppa. Organisasjonen vil dermed dekkje aktivitetar knytte til både land- og sjøarealet i Storfjorden. FSSS har ei omfattande samling med dokumentasjon frå arbeidet sitt. Vi er i gang med å legge til rette overgangen slik at også deira materiale blir innlemma i våre heimesider.

Vi ønskjer FSSS hjarteleg velkomne til felles innsats!


Drifta på Ytste Skotet i 2025
I 2025 heldt vi fram med dei vanlege aktivitetane på Ytste Skotet, i år med to jenter frå Vestnes - Ingrid Skavnes og Hedda Sundnes - som nytta sommarferien sin (1. juli – 10. august) til å vere vertskap.

Besøkstala var bra, men dårleg vêr i starten og ekstrem varme i delar av perioden gjorde at besøkstala ikkje vart så høge som vi kunne ønske. Dessutan er perioden studentar kan bruke på dette litt for kort. Vi vil arbeide for å finne løysingar som gjer at vi kan utvide sesongen i begge endar.

Det vart også i 2025 utplassert geiter frå Kilsti som fann seg godt til rette med elektronisk gjerde (Nofence). Vi erfarer at dyr på garden trekkjer mange barnefamiliar.

Slåttedugnaden vart gjennomført svært tilfredsstillande, og vi fekk slått heile innmarka og store deler av Skotsmyra. Myra skal slåast berre annakvart år iflg.skjøtselsplanen, og difor tek vi om lag halvparten kvart år.

Det store prosjektet på Ytste Skotet i 2025 var reparasjon av vasshjulhuset. Det er no fullrestaurert heilt frå grunnen.

Det er elles gjennomført mykje reparasjons- og utbetringsarbeid på garden i 2025 (m.a.måling av flaggstong, rydding på låven, tiltak på brygga).


Brygga
Brygga på YS treng fornying ettersom ho no vert nytta meir aktivt i samband med drifta av garden. Vi har arbeidd svært mykje med å finne alternative løysingar (reparasjon/totalrenovering,flytebrygge av ulike slag, kombinasjon av fast brygge og flytebrygge m.m.). Men her har vi møtt mykje uføresette hindringar. Lovverket (PBL) set svært strenge krav – i alle fall dersom ein skal byggje heilt nytt.

Det er sendt inn høyringsuttale til Fjord kommune i samband med revisjon av arealdelen av kommuneplanen der vi peikar på at gjeldande regelverk bør bli betre tilpassa behova på slike stader. Det finst mange tilsvarande tilfelle langs fjorden. Tilkomsten til YS kan berre skje sjøvegen, og vi er heilt avhengige av ei trygg ilandstiging, både for eige personell og ikkje minst for gjestar. Handsaminga av innspelet er ikkje kjent når dette brevet går ut.

Jubileum og avduking av «Fjordafolket»
Jubileet vart gjennomført 5-7. september i Geiranger. Høgdepunktet var sjølvsagt avdukinga av monumentet Fjordafolket av kunstnaren Ola Stavseng, og besøket av H.M. Dronning Sonja som deltok aktivt under avdukinga og som heldt helssingstale under festmiddagen. Likeins fekk vi gode tilbakemeldingar på hovudtalen som vart halden av direktør for Kulturminnefondet – Simen Bjørgen.

I alt møtte omlag 120 gjester. Det vart utnemnt to nye heidersmedlemmer – Terje Rusten og Ingvild Hansen Nystad. Elles deltok repr. for Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk Kulturarv, fylkesordførar, ordførarane og ikkje minst tre representantar for ein av dei største bidragsytarane til «Fjordafolket», Jan Sjong. Tre av døtrene kom, heilt frå USA. Skilt som viser sponsorane er plassert.

Storfjordens Venner fekk mange helsingar og gåver. Mest overraskande og gledeleg var gåva frå Sparebanken Møre som overrekte ein sjekk på 1,5 MNOK!

Ei trist sak i samband med jubileet var at leiaren for det vi kalla Monumentgruppa – Helge Søvik -døydde brått og uventa berre kort tid før jubileet. Han hadde lagt ned ein svært omfattande innsats over lang tid, og gledde seg stort til markeringa. Vi Vi heidrar minnet om han!

No items found.
Foto Stephanie Grande, Hyke Studio, Merete Løvoll Rønneberg, Kristi Linge Stakkestad og Inge Bjørdal

Viktige prosjekt i 2025
Det er gjennomført fleire større prosjekt også dette året.  Vi takkar alle som har ofra mange, mange timar av fritida si på desse viktige prosjekta!

(1) Restaurering av huset på Hjellen (Ospahjellen). Handverkar: Per Kjell og Sindre Holtleite.

(2) Nystova på Ytste-Smoge (plukka ned og frakta til Volda). Handverkar: Kåre Løvoll.

(3) Start på oppattbygging av kai/vôr i Matvika. Handverkarar: Kvernberg, Erdal, Brathaug.


Formidlingsaktivitetar

Storfjordstemnet
I 2025 var stemnestaden lagt til Skageflå. Frammøtet var svært godt når ein tek omsyn til plasseringa. Det er første gongen stemnet har vore halde her. Det var planlagt å arrangere det her i 2013, men då måtte stemnestaden flyttast grunna dårleg vêr.

StVe har fått komponert ein eigen Storfjordfanfare. Han vart framført av Trond Otto Berg som velkomst.

Ordførar i Stranda – Einar Nordang – helsa velkomen og la vekt på kor viktig frivilligheita er for kulturtilboda i kommunen.

Oddbjørg M. Espeland Solhaug framførte fleire utvalde songar, mellom dei sjølvsagt Å Vestland, Vestland.

Direktør forKulturminnefondet Simen Bjørgen heldt stemnetalen med tittelen Kulturarven som ressurs i samfunnsutviklinga.

Jan Ottar Møll representerte grunneigarane og orienterte om gardshistoria og eigne opplevingar på garden.

Asgeir Kvernberg orienterte om arbeidet til Storfjordens Venner i 2024,og planane for 2025.

Storfjord-kalenderen
Dette produktet er etter kvart blitt kjent og etterspurt langt ut over nedslagsfeltet til StVe. Vi har diverre ikkje økonomi til å sende han til medlemmene, men han vert distribuert i butikkar, på hotell og til andre gode medhjelparar i vidomkrins.

Tidlegare styreleiar Asgeir Kvernberg held ei stødig hand på arbeidet og saman med og dei mange medforfattarane syter dei for interessant og godt kvalitetssikra stoff som mange les med stor interesse. Publikasjonen er ikkje berre ein kalender, men ei framifrå kjelde til lokalhistorie som svært mange ventar på før jul, både for eigen del og som ei flott julegåve.

Du kan kjøpe kalenderen ved å sende e-post/ringe til dagleg leiar (kjetil@verdsarvfjord.no). Prisener 190 kr + porto.

Gardane langs Storfjorden – filmopptak med Sunnmøre Live
StVe klarte også denne sesongen til slutt å skaffe nok sponsormidlar til å gjennomføre enno ein ny sesong av desse opptaka. Men opptaka i 2025 vert dei siste. Vi har no samla informasjon for ettertida frå ein svært stor del av gardane langs Storfjorden.

Opptaka i 2025 omfattar følgjande stadar: Ramstaddalen (kaia), Hjellen og Gomsdalen. I tillegg fekk vi laga eit spesialopptak i samband med jubileet som viser historia om serien – heilt frå idéen vart fødd, produksjonsprosessen og heilt fram til avdukinga. Serien er laga som ein samtale mellom kunstnaren Ola Stavseng og Helge Søvik.

Vi fekk støtte både frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre, Hofseth AS og Kulturminnefondet.

Serien er blitt svært ettertrakta. Du kan sjå alle programma på nettet på Sunnmøre LIVE (https://slive.no/category/program/serier/storfjordens-venner ) eller på tv (Altibox).


Fjordarven i ungdomshender
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv gjennomførte i samarbeid med Storfjordens Venner og alle ungdomsskulane i Fjord og Stranda eit svært lærerikt og omtykt prosjekt med opphald på nokre av fjordgardane. Elevane fekk prøvd seg på praktiske oppgåver (slått, hesjing m.m.) slik det vart gjort på desse gardane i gamle dagar.


Rydding av stiar
Det er etablert ei søknadsbasert ordning der ein kan søkje om midlar til rydding av stiar.


Takk!
Det er mange som på ulike vis yter mykje til Storfjordens Venner og som fortener stor takk.

Takk til næringslivet som har kjøpt annonsar i Storfjordkalenderen 2025 eller støttar foreininga på andre måtar, t.d. med vinstar under Storfjordstemnet og gode tilbod ved innkjøp i samband med vedlikehald av Ytste Skotet. Takk også til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for godt samarbeid, og takk til alle andre som stiller opp på dugnader for å hjelpe foreininga med drifta av Ytste Skotet. Takk til Sparebanken Møre, Hofseth AS, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturminnefondet som alle har støtta TV-serien om Gardane langs Storfjorden 2025. Takk til Friluftsrådet/Skjærgårdstjenesten som frakta utstyr frå Ålesund og material frå Hellesylt til Matvika. Takk også til dei mange og store gåveneog helsingane vi fekk under jubileet.
Sist, men ikkje minst – takk til alle medlemmane våre som medverkar i form av økonomi og engasjement som gjer at vi i år etter år maktar å ta på oss nye løft for kulturarven vår.

God jul og fredfylt nytt år!
Ei varm helsing frå styret i Storfjordens Venner!

PS!

Porto er i dag ein stor utgiftspost. Vi oppmodar framleis om å sende oss e-postadresse og mobilnummer dersom vi ikkje har dette frå tidlegare. Det vil setje oss i stand til nå fleire med informasjon.Det kan t.d. gjelde arrangement, turar, opningstider på Ytste Skotet m.m.

Send opplysningane via kontaktskjema til Storfjordens Venner: https://www.storfjordensvenner.no/

eller e-post/SMS direkte til dagleg leiar: kjetil@verdsarvfjord.no / 467 53 090

Dersom du ikkje brukar e-post hadde vi sett stor pris på om du returnerer svarslippen på neste side pr. post.

 

OPPLYSNINGAROM E-POSTADRESSE OG MOBILNUMMER

 

Eg……………………………… er medlem av Storfjordens Venner og gir løyve til at de sender meg aktuell informasjon om aktiviteten i laget og anna informasjon som vedkjem meg som medlem.

 

E-postadressami er: ………………………………………………………..

 

Mobilnr.:…………………………

 

Adresse:………………………………………………………….…………

 

Postnr.: ……………………………………………………………………..

 

Poststad:…………………………………………………………………….

 

Returadresse:

StorfjordensVenner v/dagleg leiar Kjetil Relling:  kjetil@verdsarvfjord.no

Gjørvahaugane35

6216Geiranger

 

Rekruttering:
Rekruttering av handverkarar er ei prioritert oppgåve i strategiplanen. Vi har dei aller fremste av restaureringshandverkarane som finst her i landet, men innser sjølvsagt at vi ikkje kan behalde desse for alltid og at vi må syte for nyrekruttering. Då må vi skape interesse for arbeidet vårt ved å auke talet påmedlemmer og, men ikkje minst, meir målretta tiltak mynta på denne delen av medlemsmassen. Vi er i kontakt med Bygningsvernsenteret på Røros med tanke på hospitering for interesserte kandidatar.


Oppmodinga er: Kjenner du personar du trur kunne tenkje seg å bli med på handverkarlaget til StVe, tips oss!

Gi ei meiningsfull julegåve til nokon du kjenner!
Kva med å gi eit medlemsskap i Storfjordens Venner til nokon du trur vil setje prispå ei slik gåve. Det vil også vere ei julegåve til foreininga!
Om du ikkje betalar medlemsskapet sjølv, kanskje du kan tipse ein venn om å verve seg som medlem for å støtte arbeidet vårt?


Lukke til!

No items found.