NRK-serien «Vår verdensarv» tek føre seg dei norske verdsarvstadene, og i episoden om Vestnorsk fjordlandskap vert fjordlandskapet vårt, historia og menneska som er med på å ta vare på denne arven løfta fram.
Vestnorsk fjordlandskap omfattar mellom anna Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, og vart skrive inn på UNESCO si verdsarvliste i 2005.
I innslaget får vi også sjå folk med tilknyting til Storfjordens Venner, mellom anna Odd Normann, og arbeidet som vert gjort for å formidle og ta vare på kulturarven langs Storfjorden.
Følg med på NRK-serien «Vår verdensarv» her:
https://tv.nrk.no/serie/vaar-verdensarv/sesong/1/episode/KOID75001920