Ein viktig del av arbeidet var slåtten på garden. Arealet ovanfor huset vart slått, det vart utført kantslått langs steingarden, og myrslåtten på Gjerda vart gjennomført i tråd med skjøtselsplanen. Også torvtaka på dei to utløene vart slått.
Etter to dugnader med godt mannskap er slåtten på Ytste Skotet ferdig for året. Graset er raka saman og køyrt vekk.
Det var mykje som skulle transporterast opp til garden denne helga. Heile 100 meter med takrenner av tre vart frakta opp med taubana og lagt i press på låvegolvet. Det vart også frakta opp materiale til nye hyller på stabburet.
På stabburskammerset vart det bygd nye hyller, samtidig som klede og anna innhald vart sortert og rydda. No er det som tidlegare låg stabla nesten oppunder taket, organisert i kasser og posar og sett på plass i dei nye hyllene.


Dugnadsfolket rakk også ei rekkje andre oppgåver. Det vart samla inn stein til smia, og ein reknar med at det no er nok stein til å byggje smieessa. Eit stort epletre i hagen vart beskore, og det vart gjort skogsarbeid etter trefall frå vinteren.
I Lisjestova vart det rydda og gjort klart for vidare arbeid. Her skal mellom anna golvet utbetrast, brannmuren pussast og kalkast og kjøkkeninnreiinga målast før neste sesong. Vindauget på skomakarloftet vart også teke ut og skal restaurerast før det kjem tilbake på plass.
Under arbeidet vart det også funne ein eigna plass for eit nytt vognskjul, på området der den gamle revegarden låg. Planen er eit nytt grindbygg med torvtak som kan gi plass til traktor, reiskap og slåmaskiner. Målet er å kunne kome i gang med arbeidet neste sesong.
Før dugnadsgjengen reiste heim vart Ytste Skotet gjort klart for vinteren. Vatnet vart tappa ned og stengt av, matvarer pakka musesikkert og utemøblane tekne inn.
Laurdag kveld vart det også tid til å samlast i storstova til middag – ei triveleg avslutning på både helga og årets tre dugnader.
Ein stor takk til alle som har bidrege med tid, arbeidskraft, transport og godt dugnadshumør gjennom året. Det er denne innsatsen som gjer det mogleg å ta vare på Ytste Skotet for framtida.