I 2025 går foreininga "Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden" inn som eiga undergruppe i Storfjordens Venner. Foreininga er hjarteleg velkomen, og har med to artiklar i kalenderen i år. Det er fint at vi utvidar horisonten og får inn båt, fiske og ferdsel på fjorden som tema i kalenderen.
Redaktør Asgeir Kvernberg peikar på at det er gledeleg å få med fleire kvinner som bidragsytarar. Heile fire kvinner er representerte som forfattarar i årets utgåve: Tina Bjørnevik, Hilde Straumsheim, Eli Synnøve Vidhammar og Hegelin Waldal. Asgeir rettar ei stor takk til alle som har skrive for kalenderen –fleire har levert fleire gode artiklar, og samarbeidet har vore til stor glede.
Etter fleire år som redaktør takkar Asgeir no for seg. Storfjordens Venner vil rette ei varm takk for innsatsen og det gode arbeidet han har lagt ned i kalenderen gjennom fleire år. Samstundes ønskjer vi Håvard Ketil Sporsheim velkomen som ny redaktør for 2027-kalenderen. Håvard er ein røynd journalist frå NRK, med sterk motivasjon og eit framifrå grep om bygdemiljøet i Storfjorden. Vi ser fram til fortsetjinga og ønskjer han lykke til med arbeidet.