

Tur til Lievarden, Stranda
Søndag 28. august var det klart for ny fellestur. Denne gongen til Lievarden på Stranda. Ein flott tur i forholdsvis lettgått terreng langs innløpet til Sunnylvsfjorden. Utsynet er storslått mot Skrenakken, Robbervika og Smogegardane og fjella rundt. Utover har ein god oversikt mot Stranda sentrum og vidare utover Storfjorden, og over mot Liabygda. Det var ikkje så veldig mange som deltok, men dei som var med synes turen var både fin og interessant. Turleiarar var Reidun og


Kurs på Ytste Skotet
Veldig interessant og lærerik kurshelg,26.-28.august, Ytste Skotet. Murarmeister Torgeir Erdal lærte 12 kursdeltakarar kunsten å fuge og kvitte med kalk på tørrmura husmur. Vi arbeidde med grunnmuren på stovehuset. Han har vore kalka før, men trengte sårt til restaurering. No er det gjort, og mange har fått prøve handverket. Muren vart utrulig tett og fin. Fantastisk! No skal dugnadsgruppa arbeide vidare med kalking på eldhuset. Dette blir eit løft for tunet på Ytste Skotet.


Nye opptak med Sunnmøre Live
I veke 33 var SunnmøreLIVE og Storfjordens Venner i Djupdalen og gjorde opptak til vinterens serie om Gardane langs Storfjorden. Den svært luftige turen opp til tunet, 350 moh, er punktum for årets opptak. Etter planen blir det 12 program frå dei seks gardane som er besøkt i år, Furneset, Djupdalen, Kurlå, Verpesdalen, Skjortneset og Ospahjellen.


Tur til Kvennhusneset og Vikasætra
Fin tur til Kvennhusneset og Vikasætra, (455 m.o.h.) søndag 14. august 2022 Kjekt å møte Kåre Tafjord i Kvennhusneset og Mette Marie Døving som fortalte historie frå Vikasætra. Veldig interessant. Tusen takk til dokke to og til Torbjørn Osvik som skyssa alle 30 deltakarane fram og tilbake. Og veret viste seg frå finsida.