top of page

Storfjordstemnet 2021

Stemnet var lagt til Øvre Ljøen, Hellsylt. Grunna korona og retningslinjer for arrangment, var stemnet flytta til søndag 31. august.

Dagen starta med tur til Nerljøen-Ljøkaia med Odd Normann Hoff som guide og tur langs den Trondhjemske Postveg med Petter Hjørungdal som guide. Begge turane var særs vellykka og hadde god oppslutning.

Programmet frå scena vart innleia med feiande tonar frå Sunnylven skulekorps og allsang "Fagert er landet" med Sigrid Moldestad som forsangar. Deretter gjekk det slag i slag: først med helsing frå ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad. Deretter eit særs interessant historisk tilbakeblikk om livet på Ljøen ved Erling Løjen og Ljøen i notida ved Ole Hjalmar Bonsaksen. Ivar Berge framførte eigne dikt og Odd Normann Hoff orienterte om arbeidet i Storfjordens Venner i 2021. Programmet vart stødig og godt leia av Sigrid Moldestad.

Etter ein kort pause var det klart for konsert med Sigrid Moldestad, ein særs dyktig og alsidig musikar og sangar. Ho hadde også god musikalsk hjelp frå trioen sin. Ein stemningsfull og flott konsert i særs flotte omgjevander. Musikk og tekstar som gav både ro, vemod og ettertanke. Ein artist i Storfjordens Venner si ånd.

Rjomegrauten var som vanleg god.Takk til Ole Ringdal AS for hjelp med varming og sponsing av pølser. Eit lotteri med flotte gevinstar frå Ekornes Møblar, Formfin og Vasset industrier gav ei fin inntekt til foreininga. Det var i overkant av 150 til stades på stemnet og det var berre godord å høyre i etterkant.

Takk til alle som hjelpte til for gjennomføre stemnet og ikkje minst takk til vertskapet på Øvre Ljøen.




Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
bottom of page