Kulturprisen til Odd Normann Hoff



Stranda kommune sin kulturpris for 2020 er tildelt Odd Normann Hoff. Dette er ei særs fortent tildeling då Odd Normann har engasjert seg i kulturlivet i Stranda kommune gjennom mange år.

Storfjorden Venner har fått nyte godt av den rike kunnskapen og arbeidskapasiteten hans heilt tilbake frå1980-talet. Det er særleg innan restaurering og arbeid på fjordgardane at Odd Normann har arbeidsfeltet sitt. Han har også vore brukt som guide på turar i området, der han med stort engasjement har formidla historier om tilvære på dei gamle gardane. Odd Normann Hoff vart utnemnd til æresmedlem i Storfjordens Venner i 2014.

Storfjordens Venner gratulerer Odd Normann med Kulturprisen 2020 i Stranda kommune!

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle
  • Vimeo - White Circle

Storfjordens Venner - Geiranger - einar@verdsarvfjord.no - 970 77 165