Synfaring i Smogelia

Nytt restaureringsprosjekt i Smogelia i Synnylvsfjorden

Storfjordens Venner på synfaring i Smogelia i Sunnylvsfjorden for å sjå på husmurar som treng restaurering. Prosjektgruppa var der saman med eigaren, John Inge Smoge, og handverkar Harald Årset, som har lang erfaring med tørrmuring. Stovehuset står i veldig bratt terreng, stort sett på steinur som ikkje er heilt stabil. Det er alltid utfordringar når husmurar skal plukkast ned og settast opp att. Ekstra utfordrande er det når terrenget er så bratt som her. Arbeidet skal gjerast neste år dersom vi får finansiert prosjektet. Det håper vi å få til slik at det gamle stovehuset i Smogelia blir sikra for framtida.

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle
  • Vimeo - White Circle

Storfjordens Venner - Geiranger - einar@verdsarvfjord.no - 970 77 165