top of page

I det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta.

Storfjordens Venner er eigar av garden Ytste-Skotet, som var ei gåve frå dei tidlegare eigarane. Stiftinga Ytste-Skotet har ansvaret for drifta av garden, og vart frå 2004 ei museumseining under Stiftinga Sunnmøre Museum . Samarbeidet varte til 2020.

Ytste Skotet

Storfjordens Venner står for restaureringa av garden. I 2008 vart det utført ein del restaurering av stovehuset, m.a. nye piper og ny omn i stova. Ei dugnadsgruppe som blir leia av Geir Ola Vatne, held fram med restaurering og vedlikehald av bygningane i tunet i 2009. Dei skal og legge om stien ved kaia. Kulturlandskapsgruppa held fram med rydding av slåttemyra Gjærå i Skotsdalen, under leiing av Jens Peter Søvik og fagansvarleg Kari-Anne Nilsen. Det vert istandsetjing av stein- og nettinggjerde rundt innmarka, og Kvernhuset skal restaurerast ferdig slik at korn igjen kan bli til mjøl på Ytste Skotet.

Ytste Skotet ligg på vestsida av Storfjorden i Stordal kommune, på ei fjellhylle 225 meter over fjorden. Sjølv om garden er både veg- og straumlaus, er den likevel open for publikum heile sommarhalvåret. Det er matlaging på vedomn og grue, arbeid på åkeren, vedkløyving, stell av dyr og pleie av kulturlandskap. Du kjem deg til Ytste Skotet anten med båt over fjorden eller til fots over fjellet frå Ramstaddalen.

Skotet er nemnd i Snorre i Soga om Olav den heilage rundt 1030. I skattelistene finn vi Skotet frå 1600-talet. Dei tradisjonelle driftsmåtane med korn på innmarka, og beite og slått i utmarka, heldt dei ved lag heilt til dei siste brukarane flytta derifrå i 1954. I si tid var Ytste Skotet ein stor gard. Der var 45 mål dyrka jord, og garden var den som produserte mest korn i Stordal kommune.

Nytt liv i 1989

Foreininga Storfjordens Venner fekk i 1989 Ytste Skotet som gåve frå Ole Andreas, Knut Olav og Jenny Skotet, dei siste som budde på garden. Då hadde garden stått folketom i 35 år og mange av bygningane heldt på å falle ned. Etter fem år med restaureringsarbeid hadde dei fleste husa fått sin gamle utsjånad tilbake. I dag står mest alle dei gamle husa på Ytste Skotet: stovehuset, stabburet, eldhuset, kvernhuset, gardssmia, troskotet og taubanehuset, saman med fleire høyløer i utmarka og naust nede ved fjorden.

Verneverdi kulturlandskap
Det som er særmerkt med Ytste Skotet er at det tradisjonelle kulturlandskapet med bygningar og naturtypar ikkje er påverka av det moderne jordbruket. I generasjonar har det meste av gardsarbeid vore gjort med handemakt, hestekraft og vasskraft. Rundt 80 mål med artsrike slåtte-enger og slåttemyrer er no restaurert og vert skjøtta på ein måte som held i hevd det biologiske mangfaldet. Dette heilskaplege kulturlandskapet har høg verneverdi både nasjonalt og internasjonalt.

Ytste Skotet er kjent for å ha et rikt og variert kulturlandskap, både med tanke på kulturhistorisk og biologisk verdi. Innmarka blir skjøtta etter tradisjonelle prinsipp og har rik flora med mange typiske kulturmarkplantar. Også i utmarka finst mange naturtypar som er knytte til tradisjonell gardsdrift, for eksempel slåttemyra og haustingsskog.

Ytste Skotet ligg på vestsida av Storfjorden i Stordal kommune, på ei fjellhylle 225 meter over fjorden. Sjølv om garden er både veg- og straumlaus, er den likevel open for publikum heile sommarhalvåret. Det er matlaging på vedomn og grue, arbeid på åkeren, vedkløyving, stell av dyr og pleie av kulturlandskap. Du kjem deg til Ytste Skotet anten med båt over fjorden eller til fots over fjellet frå Ramstaddalen.

Sommaren 2023 er garden bemanna til og med 27.aug. Ring 48918093 for å avtale båtskyss frå Dyrkorn. Ein kan også kome over fjorden med eigen båt eller gå over fjellet frå Ramstaddalen.  

bottom of page