Æresmedlemmer

 

Æresmedlemskap kan tildelast einskildpersonar som har gjort ein eineståande og særdeles aktiv innsats for å ta vare på kulturarven på fleire plan i Storfjordens Venner sitt nedslagsfelt i Storfjorden. Forutan livsvarig gratis medlemskap i Storfjordens Venner, vil æresmedlemmer motta ei gåve og ein æresdiplom.

 

Æresmedlemskap kan tildelast ein gong for året, og vil bli utdelt på årsmøtet eller på eit eiga arrangement.

 

Grunngjevne forslag om tildeling av æresmedlemskap kan bli sett fram av medlemmar i Storfjordens Venner. Forslag kan sendast inn når som helst, og forslaga vil bli vurdert samla i god tid før årsmøtet.

 

Storfjordens Venner har følgjande æresmedlemmer:

 

Are Homlong (2008)

Karl Mjelva (2008)

Ottar Grindvik (2008)

Atle Ringseth (2005)

HM Dronning Sonja (2002)

Magne Flem (1985)

Sakarias Ansok (1982)

Harald Kjølås (2012)

Odd Normann Hoff (2014)

Helge Søvik (2016)

Asgeir Kvernberg (2017)

Les meir om æresmedlemmane:

 

Are Homlong (2008)

 

Are Homlong har så lang fartstid som aktiv medlem i Storfjordens Venner som det går an. Han var med på skipingsmøtet på Hotel Union 12. juli 1975. Are kom straks med i styret og deltok med stort engasjement i det arbeidet. Hans yrkeserfaring frå administrasjon og leiing kobla saman med eit ekte engasjement for den kulturarven han vaks opp med, var ei god og sterk blanding. Der låg det mykje energi og drivkraft. Kanskje også dynamitt. Det vart sprengt nokre grenser. Gamle, falleferdige bygningar vart verdsett så høgt at forfallet vart snudd til restaurering og oppattbygging. Det som dei fleste såg på som verdilause ratedungar vart til verdifulle kulturperler.

 

Are sitt engasjement har ikkje stoppa. Han har vore stemneleiar og intervjuar på mange av Storfjordens Venner sine sommarstemne. Han har vore medlem av valnemnda. Han har vore ein solid medarbeidar i prosjektgruppa som har leia mange restaureringsprosjekt.

 

Are har heile tida vore oppteken av Storfjordens Venner sitt ansvar som kulturformidlar. Dette er ein del av arbeidet som styret tek alvorleg. Vi har no dokumentert ein del av dugnadsaktiviteten på Ytste Skotet gjennom to filmar. Vi arbeider med ny heimeside der formidlinga kjem tydlegare fram.Vi ønskjer også å vektlegge lokalhistoria sterkt på sommarstemna. Eg trur dette vil glede deg Are.

 

Eg håper denne æresprisen gir han ein god kveik til å halde fram i arbeidet for Storfjordens Venner. Gratulerer med æresmedlemskapet.

 

Ørskog 28. mars 2008 - Asgeir Kvernberg, leiar

 

Karl Mjelva (2008)

 

Det er mange som har håpt på at den gode draumen skulle gå i oppfylling. For Karl Mjelva har draumen gått i oppfylling, og gjer det framleis, sjølv etter 33 år.

 

Det begynte på Skageflå, og sidan har draumen blåst liv i gamle tufter langs heile Storfjorden.

 

Heldigvis var han ikkje heilt aleine om denne draumen. Det var fleire som ville vere med å berge ein uvanleg, verdifull kulturarv som var i ferd med å forsvinne. Ein kulturarv som enno kviskra svakt historia si. Historia om busetting, livberging, kultivering i vanskeleg terreng, med harde tak, men med ei kjensle av å vere fri, sin eigen herre.

 

Karl tok tak i denne draumen, arbeidde for å få han oppfylt.

Han tok initiativet til å starte ei foreining for kulturbevaring i Storfjorden.

Datoen var 12. juli 1975.

Namnet vart Storfjordens Venner.

Leiaren vart Karl Mjelva.

 

Vi var i gong.

Takka vere ditt pågangsmot og ditt klarsyn og din optimisme vart bygningar berga, stiar sett i stand og kulturspora tydlegare og tydlegare. Du inspirerte både dugnadsfolk og dronning til engasjement. Takka vere ein draum og tusen hender, blir den gamle, sterke historia om busetting før oss tatt vare på.

 

Gratulerer med æresmedlemskapet.

 

Ørskog 28. mars 2008 - Asgeir Kvernberg, leiar

 

 

Ottar Grindvik (2008)

 

Klara og Ottar Grindvik. Bak står styreleiar Asgeir Kvernberg, Atle Ringseth og Odd Normann Hoff"Storfjordens Venner har til oppgåve å verne om kulturminne og levande tradisjon. Kva oppgåver som skal løysast og korleis det skal gjerast blir fastsett i arbeidsprogrammet for kvart år." Slik står det i § 1 i vedtektene for Storfjordens Venner.

 

Når det gjeld kva som skal gjerast har det alltid vore mykje å velje i. Oppgåvene har vore mange. Når det gjeld korleis, eller av kven, har det vore mindre å velje i. Det er fordi Storfjordens Venner har vore kritisk og stilt strenge krav til utføringa av restaureringsarbeida. Vi kom tidleg i kontakt med ein allsidig, ærfaren, ærleg, samvitsfull og nøyaktig handverkar frå Skodje: Ottar Grindvik.

 

Takk og pris. Det har vore ei glede og ei tryggheit i å samarbeide med Ottar.

Han har gjennomført store restaureringsarbeid på Blomberg, Ytste Skotet, Skageflå og Reindalssaga. Både Reindalssaga og husa på dei fråflytta gardane var nærast ruinar då arbeidet starta.

 

Som kulturinteressert handverkar såg Ottar Grindvik straks at det var mogeleg å berge desse kulturskattane, sjølv om det skulle bli eit svært omfattande arbeid. For å få eit godt resultat måtte det leggast strenge antikvariske prinsipp til grunn. Mest mogeleg av den gamle materialen skulle nyttast. Ny material måtte tilpassast den gamle. I nært samarbeid med Fylkeskonservatoren og Storfjordens Venner har Ottar Grindvik løyst desse oppgåvene på ein framifrå måte.

 

Med si erfaring, innsikt og interesse har han gjort eit stort arbeid for å ta vare på dei lokale kulturskattane desse bygningane er. Dei vitnar om forfedrane sin levemåte og vår nære historie på eit vis som vekker meir og meir interesse.

 

Gjennom restaureringa av Blomberg, Skageflå, Reindalssaga og Ytste Skotet bidrog Ottar Grindvik gjennom sitt framifrå handverk til å utvikle Storfjordens Venner til ein høgt respektert organisasjon.

Arbeida han har utført for Storfjordens Venner har alltid fått positiv vurdering frå Fylkeskonservatoren og Riksantikvaren. Derfor har prosjekta også gitt Storfjordens Venner respekt og status hos myndigheitene.

 

Det er ei stor glede for oss som i dag er aktive i Storfjordens Venner å gjere kjent at Ottar Grindvik er vår femte æresmedlem, ved sida av Atle Ringseth, H.M. Dronning Sonja, Magne Flem og Sakarias Ansok.

 

Storfjordens Venner takkar Ottar Grindvik for vel utført arbeid.

 

Ørskog 27. desember 2007

 

Asgeir Kvernberg, leiar

 

 

Atle Ringseth (2005)

 

Atle RingsethAtle Ringseth frå Liabygda vart utnemnt som æresmedlem i Storfjordens Venner under årsmøtet 12.03.2005.

Utnemninga skjedde på grunn av Atle Ringseth sitt store engasjement gjennom mange år i planlegginga og gjennomføringa av restaureringsprosjekt på fråflytte fjord- og fjellgardar langs Storfjorden.

 

Med stort pågangsmot har han brukt tid og krefter slik at Storfjordens Venner i samarbeid med grunneigarar kunne gjennomføre restaurering eller gjenreising av bygningar eller driveskjøtsel av kulturlandskapet.

 

Atle Ringseth har vore prosjektleiar for mange større restaureringsprosjekt m.a. på Ytste-Skotet, på Blomberg og på Meåkneset. Han er framleis aktivt med i Storfjordens Venner sitt arbeid med vern av kulturminne langs Storfjorden.

 

Stranda 12.03.2005

 

Anne Lise Lunde , leiar

 

HM Dronning Sonja (2002)

 

Dronning Sonja vart utnemnd til æresmedlem 14. juni 2002 i Geiranger.

 

Storfjordens Venner er svært glad for den interessa og det engasjement H.M. Dronning Sonja har vist for natur og kultur i området ved Storfjorden. Boka "Klangbunn" som H.M. Dronning Sonja nettopp har gitt ut, gir stor merksemd til restaureringsarbeid som er gjennomført, og den vil vere ei sterk oppmuntring til både grunneigarar og Storfjordens Venner til vidare arbeid.

 

Med bakgrunn i dette vil Storfjordens Venner utnemne H.M. Dronning Sonja til æresmedlem i Storfjordens Venner.

 

 

Stranda 14.06.2002

 

Anne Lise Lunde , leiar

 

 

Magne Flem (1985)

 

Under 10-årsfesten for Storfjordens Venner på Union Hotel i Geiranger, september 1985, vart redaktøren utnemnd til heidersmedlem i organisasjonen.

 

«Bilda dine viste kor viktig det var å slå vern om denne kulturskatten», sa styreformann Roar Starheim i ein tale til prisvinnaren, og hadde samstundes gleda av å invitere festlyden til ein presentasjon av eit imponerande utval bilde frå fjell- og fjordgardar langs Storfjorden. Magne Flem hadde plukka ut 150 motiv frå ei særs omfattande samling, fotografert over ein periode på flerie tiår.

 

«Alt før krigen - før dei fleste avisene hdde pressefotografar - la Flem ut på reportasjereiser for Sunnmørsposten. Fotografiapparatet var med. Han brukte kajakk, robåt, sykkel - og gjekk til fots. Han oppsøkte dei gamle gardane, og festa fjordfolket, husa og gardstuna til filmen, og trykte bilda i avisa», heldt Starheim fram.

 

Magne Flem oppretta hausten 1992 eit dugnadsfond til Storfjordens Venner på 300.000 kronar.

 

Teksten er henta frå boka Storfjordens Venner 1975-1995 (Helge Søvik).

 

 

Sakarias Ansok (1982)

 

Sakarias Ansok på Vidhamar 1985Sakarias Ansok vart i mars 1982 utnemnd til heidersmedlem i Storfjordens Venner.

 

«Når vi har valt å restaurere ein gard eller ein bygning, har vi gått til bøkene dine for å finne den rette bakgrunnen», sa styrefomrannen Roar Starheim, og var glad for å gi heiderseteiknet til den då 84 år gamle liabygdaren.

 

Starheim hevda at Ansok var den personen framfor nokon, som hadde levandegjort minna frå fjell- og fjordgardane; gjennom ein serie på kring 60 artiklar i Sunnmørsposten, og bøkene «Eld som slokna» (1970), «Far etter folk» (1973), og «Menneske vi møtte» (1980), alle med Stranda sogelag som utgjevar.

 

«Du tok hand om ein kulturskatt som heldt på å bli gløymt», poengterte styreformannen, som hadde invitert Sakarias Ansok til eit styremøte i møtelokalet hos Stranda Sparebank. Sakarias Ansok heldt ein takketale, forma som eit kåseri og krydra med glimt frå samtalar med folk han hadde møtt under innsamling av stoffet til artiklane sine.

 

Sakarias Ansok har fått følgjande utmerkingar.

 

1976: Fylkeskulturprisen frå Møre og Romsdal fylke.

1983: Kulturprisen frå Stranda kommune

 

Teksten er henta frå boka Storfjordens Venner 1975-1995 (Helge Søvik).

 

 

Harald Kjølås (2012)

 

Harald Kjøås vart utnemnd til æresmedlem i Storfjordens Venner i 2012. Han har i langt over 20 år hatt ansvaret for den årlege Storfjordkalenderen

 

Odd Normann Hoff (2014)

 

Odd Normann Hoff vart utnemnd til æresmedlem på Storfjordstemnet 2014. Han har eit sterkt engasjement for foreininga og vore leiar for mange store restaureringsprosjekt. Hoff har også vore styremedlem i mange år.

 

Helge Søvik (2016)

 

Helge Søvik vart utnemnd til æresmedlem på årsmøte i Storfjordens Venner 12.3.16. Som grunngjeving for utnemninga vert det m.a. peika på Helge Søvik sitt store engasjement og trufaste arbeid for Storfjordens Venner. Han har også vore ein ihuga bodberar for Storfjordens Venner gjennom lang tid.

 

ÆRESMEDLEMMER 

 STORFJORDENS VENNER

Storfjordens Venner - Geiranger - post@storfjordens-venner.no - 970 77 165