top of page

STORFJORDSTEMNET 2022


Foto: Merete Løvoll Rønneberg


Årets stemne var på Ytste Skotet søndag 12. juni. Knappe 200 fann vegen til vår eigen gard denne søndagen trass litt småvått og surt ver.

Stemnet vart gjennomført på nokså tradisjonelt vis. Det var sal av rømmegraut og pølser og diverse "Storfjordprodukt". Stødig programleiar var styreleiar Inge Bjørdal. Han informerte om garden og arbeidet med å halde den i stand. I tillegg var det informasjon og foreininga og kva planar som er for dette året. Ordførar Eva Hove helsa frå Fjord kommune og hadde med gåve. Ingvild Hansen Nystad, tidlegare drivar på Ytste Skotet hadde foredrag om tida ho var der og tankar omkring å bu på ein slik gard. Jenny-Marita Sørås hadde innslag med flott sang. Eit høgdepunkt var utnemning av Kjell Løseth til æresmedlem i Storfjordens Venner.

I stemnetlotteriet var det mange flotte gevinstar gjeve av velvillige sponsorar. Vinnar av hovudgevinsten, ein Stressless frå Ekornes, vart Jens Petter Søvik, eit trufast medspelar i foreininga og på Ytste Skotet. For unge og eldre var det populære aktivitetar og natursti. Stranda Røde Kors var til stades i tilfelle nokon skulle vere uheldig i glatt rås eller på andre måtar.

Storfjordens Venner takkar alle som møtte opp og alle som støtta stemnet med gevinstar og på andre måtar.

Alt i alt ein vellykka dag som enno fleire gjerne kunne fått opplevd.



Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
bottom of page