

STORFJORDSTEMNET 2022
Foto: Merete Løvoll Rønneberg Årets stemne var på Ytste Skotet søndag 12. juni. Knappe 200 fann vegen til vår eigen gard denne søndagen trass litt småvått og surt ver. Stemnet vart gjennomført på nokså tradisjonelt vis. Det var sal av rømmegraut og pølser og diverse "Storfjordprodukt". Stødig programleiar var styreleiar Inge Bjørdal. Han informerte om garden og arbeidet med å halde den i stand. I tillegg var det informasjon og foreininga og kva planar som er for dette året.


ÆRESMEDLEM KJELL LØSETH
På Storfjordstemnet 12. juni vart Kjell Løseth utnemnd til æresmedlem i Storfjordens Venner. Kjell har eit varmt hjarte for foreninga og har i mange år lagt ned ein særs stor innsats, og er framleis aktiv og engasjert. Han har m.a. vore styreleiar i 6 år. På diplomet som det synlege beviset for æresmedlemskapet står det m.a. "stort engasjement, trufast arbeid og ihuga bodberar for Storfjordens Venner gjennom lang tid". Utmerkinga vart overrekt av styreleiar Inge Bjørdal. Fot