Tur til Furstranda - OBS ingen plassar att frå Håhjem

24.5.2025
Foto Merete Løvoll Rønneberg
Vi inviterer på ein særs innhaldsrik tur framom alle gardane langs Furstranda, frå Røneset til Sandvika. Levande formidling og historieforteljing undervegs. Ta med niste og drikke til deg og dine. Vi avsluttar med felles matøkt i Sandvika. Det tek om lag ein time i rein gåtid langs Furstranda, så du må ha godt fottøy og eigna klede etter vêret.

Turbeskrivelse

Turleiarar: Asgeir Kvernberg, Irene T. og Leif Erling Løvoll.

Båtskyss frå Håhjem (tømmerkaia) kl.10.00. Maks 45 deltakarar herifrå. De kan parkere på/ved tømmerkaia. Møt i god tid.

Båtskyss frå kaia i Ramstaddalen kl. 10.30.Maks 45 deltakarar herifrå. Parkering ved UL Dalheim (ca. 200 m. etter krysset ned mot sjøen). Kort stykke å gå til kaia.

Returbåtskyss frå Sandvika kl. 15.00, fyrst til Håhjem, deretter til Ramstaddalen.

Pris: 300 kr. for medlem, 350 kr. for ikkje-medlem. Born t.o.m. 16 år kr. 150. Betaling for turen vippsast til Storfjordens Venner på 107649 straks du har sendt påmelding. Påmeldingsfrist torsdag 22. mai.

Viktig: Oppgje fullt namn og kvar du vil reise ifrå i kommentarfeltet i påmeldingsskjemaet under

Velkomne på vårtur langs historierike Furstranda!

Påmelding

Takk skal du ha. Påmeldinga er registrert!
Noko gekk gale med påmeldinga. Prøv igjen eller kontakt oss på e-post.

Kontaktinformasjon

Det er også muleg å melde seg på ved å ta direkte kontakt på e-post eller telefon/SMS.

kjetil@verdsarvfjord.no
467 53 090