Foto Mette Marie Døving
Vikasetra ligg rett over fjorden frå Vika i Fjørå, knappe 500 meter over havet. På stølen står tre fint vedlikehaldne sel og ein nyare fjøs. Det er gardane Vika, Kvernhusneset og Nestegarden i Osvika som har sel her. Mykje historie er knytt til sætra og området rundt.

Turbeskrivelse

Turen startar med båtskyss

Turen tek til frå kaia i Fjørå med båtavgang 10:30. Derifrå går vi nokre minutt med båt over fjorden til støa i Kvernhusneset.

Råsa opp til sætra

Frå fjorden følgjer vi ei fin rås som slyngjer seg oppover lia. Det er sjølvsagt delvis bratt, men:

«Ein kjem ikkje til fjells om ein går etter flat veg.»

Det er ingen stader som er vanskelege eller stygge å gå, og heller ingen våte parti.

Undervegs passerer vi fleire perler

Først kjem vi forbi fine murar og restane etter «Gunjaplassen». Vidare går vi gjennom Kvernhusneset, ein velhalden gard og ei lita perle.

Deretter går råsa vidare i svingar gjennom furuskog før vi kjem til det brattaste partiet – Brauta.

Frå gammalt av finst det fleire faste kvileplassar langs vegen opp til sætra.

Tidsbruk

Turen tek som oftast om lag 1,5 time opp, men med litt prat og historier undervegs tek det gjerne litt lenger tid.

Belønninga på toppen

Om turen kan kjennast litt slitsam undervegs, betalar det seg godt når ein kjem opp. Der ventar vidt utsyn over fjord og fjell.

Praktisk informasjon

  • Gode sko og niste er viktig
  • Redningsvestar har vi til utlån
  • Når vi kjem ned att til fjorden, kan dei som ønskjer det ta ein fin ekstratur langs fjorden til Osvika og bli henta der
  • Pris: 350 kr. Til foreininga sin Vippskonto 107649

Skyss og vegvisar

  • Torbjørn er skysskar
  • Mette Marie er vegvisar – 918 19 187

Ver og forhold

Vi må sjølvsagt ta omsyn til vêret, særleg ved sterk vind og/eller regn.

Påmelding

Takk skal du ha. Påmeldinga er registrert!
Noko gekk gale med påmeldinga. Prøv igjen eller kontakt oss på e-post.

Kontaktinformasjon

Det er også muleg å melde seg på ved å ta direkte kontakt på e-post eller telefon/SMS.

kjetil@verdsarvfjord.no
467 53 090