Fjellgardscamp for unge vaksne på Ytste Skotet
Deltakarane får vere med på praktiske oppgåver som matlaging på vedomn, skjøtselsarbeid og dyrestell – alt slik det blei gjort før i tida. Tur til dei andre Skots-gardane og andre uteaktivitetar. Det vert også tid til sosialt samvere, bålkos og gode samtalar.
Ytste Skotet er eigd av Storfjordens Venner, og campen er ein del av jubileumsaktivitetane våre i 2025. Dette er ei sjeldan moglegheit til å kome tett på historia og naturen, og til å vere med på å halde gamle tradisjonar i hevd.
Ta med sovepose, arbeidsglede og godt humør – og bli med på ei helg du seint vil gløyme!
Påmelding innan 31.juli.
For meir informasjon: Kontakt Randi Sæter tlf. +47 416 71 818
Pris kr 1 200 + båtskyss kr 300 t/r.
Prisen inkluderer alle måltid, overnatting og forbruksmateriell på Skotet.
Kontaktinformasjon
Det er også muleg å melde seg på ved å ta direkte kontakt på e-post eller telefon/SMS.
kjetil@verdsarvfjord.no
467 53 090