Isproblem i Tafjorden

Av
Harald Kjølås
publisert
05 Feb 2026
To avismeldingar frå Sunnmørsposten, den eine frå 1924, den andre litt seinare, fortel om isproblema tafjordingane hadde å stri med før i tida, og som dei i dag kan køyre i bil forbi.
#
Vêrlaget
Tafjord
1924
-
1924
Tilbake til artiklar

Tafjord

Tafjord hev vore blokert av is den siste vika. Tysdag og onsdag greidde ikkje rutebåten koma seg inn. – Torsdag greidde han seg so vidt inn. Men han torde ikkje ligge der som han skulde; gjekk til Sylte att med det same. Og det var bra, for elles hadde han vorte liggande der. Det sette nemleg inn med kulde att.

Både fredag og laurdag var det sterk vind. Men han vann lite med isen.

Fram gjennom dalane her i desse bygder hev vinden verka uhyggeleg dei siste dagane. Kald gjennomtrengande vind jamnar dei djupe vegane, som med stort strev er pløgde og haldne i stand.

No lyt dei mokast stykke for stykke.