Sundag 14. juni 2026 ønskjer Storfjordens Venner velkomen til Storfjordstemnet i Norddal – ein møteplass for historie, kultur og folk langs fjorden.

Storfjordstemnet 2026

Kvifor Norddal?

Norddal er vald som stemneplass etter framlegg frå arbeidsgruppa for sjøfart og sjøbruk i Storfjorden, som no er ein del av Storfjordens Venner.

Valet er ikkje tilfeldig: bygda har vore eit viktig knutepunkt i fjordlandskapet i generasjonar, med sterk tilknyting til sjøbruk, handel og kultur. Med den rike fjordhistoria tett på gir Norddal ei stemningsfull ramme kring Storfjordstemnet.

Kva kan du oppleve?

Programmet for Storfjordstemnet 2026 er førebels, men det vert lagt opp til eit felles program midt på dagen, med

  • kulturelle og historiske innslag
  • musikk og formidling
  • forteljingar frå bygda og fjorden

Det vert også god tid til mat, samtalar og uformelt samvær. Rundt om i bygda vert det planlagt fleire aktivitetar og opne tilbod, mellom anna besøk til lokale kultur- og historiske stadar, omvisingar og møteplassar der ein kan stikke innom og bli verande litt.

Meir informasjon om program, tidspunkt og praktisk tilrettelegging kjem etter kvart som planane vert ferdigstilde.

No items found.
No items found.
Alle foto Vivian Nydal