Foto Finn Loftenes
Skageflå ligg på ei lita fjellhylle 250m over Geirangerfjorden med utsikt rett over til Dei sju systrene og garden Knivsflå.

Storfjordstemnet 2025

Denne staden vart viden kjent då H.M. Dronning Sonja og H.M. Kong Harald inviterte over 30 kongelege gjester frå heile Europa til ein minnerik lunsj på tunet då kongeparet feira sølvbryllaupet sitt i 1993. Det var også på Skageflå at H.M. Dronninga i 2006 avduka ein verdsarvplakett for å markere at dette området i 2005 blitt skrive inn på UNESCOs liste over kultur- og naturarv i verda.

Program frå kl 12:30:

  • Sal av rjomegraut frå kl 12:00
  • Velkomen og orientering om stemnestaden - styreleiar Inge Bjørdal
  • Storfjordfanfaren v/Trond Otto Berg – kulturskulerektor (vikar), Fjord Kommune
  • Song/allsong v/Oddbjørg M. Espeland Solhaug
  • Helsing frå Einar Arve Nordang, ordførar i Stranda kommune
  • Stemnetale ved direktør for Kulturminnefondet Simen Bjørgen
  • Representant for grunneigarane Jan Ottar Møll har ordet
  • Om arbeidet til Storfjordens Venner i 2024, og planar for 2025 v/Odd Normann Hoff
  • Avslutning med orienteringar, m.a. om 50-årsjubileet i september


Lotteri

I samband med stemnet har vi fått mange flotte gevinstar. Toppgevinst Stressless med skammel. Gevinstar som det ikkje er praktisk mogleg å ta med på Skageflå vert utdelt på Hellesylt i etterkant av stemnet.

For å avtale henting av vinstar på andre tidspunkt:
Kontakt Reidar Furset. Mob 917 44 724

Tusen takk til lokale bedrifter som har sponsa oss med gevinstar!

Transport til stemnet

NB! Det er berre ein avgang frå kvar hamn. Båten går IKKJE i skytteltrafikk! Møt opp i god tid.

Frå Geiranger

  • Avgang med båt (MS Geirangerfjord) frå kaia i Geiranger 09:30.
  • Ankomst Skageflåstøa 09:50
  • Sal av billettar ved ombordstigning. Pris for vaksen kr 300
  • Ved ombordstigningvert det utdelt program som også gjeld som inngangsbillett på stemnet
  • Det er ikkje reserverte parkeringsplassar til stemnedeltakarar i Geiranger. Kun offentleg parkering.
  • Retur frå Skageflåstøa ca 16:00 og ev 16:30 ved behov

Frå Hellesylt

  • Avgang med båt (MS Geirangerfjord) frå kaia på Hellesylt 10:30.
  • Ankomst Skageflåstøa 11:15
  • Sal av billettar ved ombordstigning. Pris for vaksen kr 300
  • Ved ombordstigning vert det utdelt program som også gjeld som inngangsbillett på stemnet
  • Gratis parkering på meieritomta ved kaia og ved Peer Gynt-galleriet i sentrum
  • Retur frå Skageflåstøa kl 16:00 og ev 16:30 ved behov

Førehandstinging av båttransport

  • Førehandstinging av båttransport er no avslutta. Det er framleis god plass på båten.
  • Billettseljar på avgangen frå Hellesylt har oversikt over alle førehandstingingar.

Vel møtt!

No items found.
No items found.