top of page

Bli med Storfjordens Venner på tur

TIMBJØRGANE

Oppmøte 10:30 ved parkeringsplassen på Herdalen (rett før innslaget til Ljøtunnelen) 

 

Dette er ein lett tur med oppover og nedover bakkar begge vegar. Om lag to timar kvar veg. Turen startar ca. 450 m.o.h., og etter ein roleg start opp til Fremste Herdalsvatnet tar vi av til venstre ved midten av vatnet og går bratt opp i skaret mot Timbjørgheiane. Herifrå går råsa ned til murane av Heiefjøsen og vidare ut- og nedover til Timbjørgane (586 m.o.h.) Tilbaketuren er det mogeleg å leggje via Ljøbrekka dersom deltakarane ønskjer det. Denne vegen er litt lenger, men slakkare og enklare. Råsa kan nokre stader vere våt og sleip, så gode sko er ein fordel. 

Turleiarar: Ole Normann Hoff

Turen er gratis

SØNDAG 19. AUG 2018

Timbjørgane

(Tindbjørgane) (Tynnbjørgane)

Timbjørgane, òg kalla Tindbjørgane eller Tynnbjørgane er ein nedlagt gard ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.

 

Oluf Ryghtrur at den opphavlege namneforma var timbrbjørgane og hadde samanheng med at folk hogg timber (tømmer) der. Den rettaste, opphavlege namneforma er truleg Timbjørgane, og kombinasjonen av dei norrøne orda timbr og bjarg, vil gi namnetydinga: tømmerberga.

 

Garden ligg om lag 560 moh, ved Timbjørgnuten, vegen opp frå fjorden er særs tungvint og går gjennom vanskeleg lende. Det var langt til næraste granne som var fjordgarden Inste Åkernes, om lag 2,5 km lenger nord. I fjellheimen bakanfor Timbjørgane er Rundefjellet (1213 moh) det mest dominerande. Gardshusa er lokalisert på to stader: dei eldste husa frå 1600-talet låg på nedsida av Timbjørgnuten (mot fjorden), medan oppsitjarane som kom der på 1800-talet bygde nye hus ved ei glenne på oppsida av nuten. På begge stadane er berre restar murane synlege i dag. Levevegen på Timbjørgane var krøterhald og veiding.

 

Ein trur at det kan ha vore fredlause som tidlegast hadde tilhald på staden. Den første brukaren ein kjenner til, var på garden før 1660. I 1771 låg garden truleg øyde, og presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» at i tida omkring 1766 var «Tindbiørg - En øde Gaard som og skrives Tonbierg». Etter å ha lege ubrukt i meir enn 50 år, kom det ny brukar i 1813. Ein gong på slutten av 1800-talet vart garden på nytt fråflytta og sidan har der ikkje budd folk.

 

I fjellheimen ved Timbjørgane var i eldre tid den største bjørnestamma på Sunnmøre, og folket på garden var mykje plaga av bjørn og det var heller ikkje fritt for ulv.

 

Timbjørgane ligg i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005, og staden høyrer òg inn under Geiranger-Herdalen landskapsverneområde.

 

Garden har gitt namn til bokforlaget Timbjørgane (Arild Flydal).

bottom of page