Kurs på Ytste Skotet


Veldig interessant og lærerik kurshelg,26.-28.august, Ytste Skotet. Murarmeister Torgeir Erdal lærte 12 kursdeltakarar kunsten å fuge og kvitte med kalk på tørrmura husmur. Vi arbeidde med grunnmuren på stovehuset. Han har vore kalka før, men trengte sårt til restaurering. No er det gjort, og mange har fått prøve handverket. Muren vart utrulig tett og fin. Fantastisk! No skal dugnadsgruppa arbeide vidare med kalking på eldhuset. Dette blir eit løft for tunet på Ytste Skotet.

Kurset er eit samarbeid med Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag.

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags