Flott gåve til Storfjordens Venner

Under Avfallsforum Møre og Romsdal sin årlege Haustkonferanse, som i år var lagt til Hotel Union i Geiranger 3.-4.11, fekk Storfjordens Venner tildelt Konferansegåva 2021. Gåva er på heile 10.000 kroner i tillegg til diplom. I grunngjevinga står det m.a. at Storfjordens Venner "tilgjengeliggjør kulturlandskapet i Storfjorden for alle ved lavterskeltilbud som ulike dugnader og turarrangement". Grunnlaget for gåva er at honorar til foredragshaldarar vert erstatta med ei konferansegåve til ein lokal aktør som har gjort ein innsats for miljøet. I 2021 vart dette Storfjordens Venner og foreininga rettar stor takk til Avfallsforum Møre og Romsdal for den flotte gåva!

Styreleiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal, mottek Konferansegåva 2021 frå Irene Vik, styreleiar i Avfallsforum Møre og Romsdal. Foto: Martine Holm


Styreleiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal, mottek Konferansegåva 2021 frå Irene Vik, styreleiar i Avfallsforum Møre og Romsdal.  Foto: Martine Holm

Utvalgt innlegg