top of page

20-års jubileum for Dugnadsgruppa på Ytste Skotet


Søndag 20. august var det festivitas vedkommande 20-års jubileum for Dugnadsgruppa på Ytste Skotet.

Storfjordens Venner heidra dei med "cruise" innover Storfjorden med shetlandsskuta "M/S Heland". Æresmedlemskap til leiaren i gruppa Geir Ola Vatne, Roger Furset, og samboarparet Terje Haugset/Heidi Heggem ilag.

Æresmedlem i Storfjordens Venner Geir Ola Vatne.

Geir Ola Vatne er leiar for dugnadsgruppa på Ytste Skotet. Han tok over vervet etter Asgeir Kvernberg for ca 10 år sidan etter å ha vore med i gruppa tidlegare. Geir Ola gjer ein imponerande innsats med å halde dugnadsgruppa samla slik at det kvar vår,sommar og haust blir gjennomført 3 dugnader på 3 dagar kvart år med opptil 15-20 deltakarar kvar gong.

Geir Ola har stor innsikt i korleis ein unik fjord- og hyllegard skal haldast i hevd og framstå som eit minnesmerke frå ein tidlegare sjølvbergingsgard i Storfjorden.Han har vore med på nærsagt alt restaurerings- og vølingsarbeid på Ytste Skotet sidan han begynte i dugnadsgruppa. Han har hatt si hand med i dei fleste bygningane på garden, og vore med å setje oppatt nedotne bygningar. Døme på dette er troskot, vedaskot ved stovehuset, Stokkeløa, Hjelleløa, Lisjeløa, Storeløa, Kvennhus, m.m. Vasstilførsel til garden har tidvis vore vanskeleg. Siste viktige prosjekt var ny brønn og vasstilførsel i nedgraven leidning til husa. Dette har ført betre tilhøve for dei tilsette og besøkjande på Ytste Skotet.

Summert tilfører Geir Ola stor kunnskap om vedlikehaldsarbeid etter antikvariske retningsliner . Han er rettleiar og leiar av ei dugnadsgruppe som år etter år gjer ein umåteleg stor innsats for å sikre og verne ein framståande stad med uerstatteleg kultur- og naturverdi.

Dugnadsgruppa har utvilsomt vore sterkt medverkande til at Storfjordens venner mottok den Europeiske kulturminneprisen (Europa Nostra) i 2016 for «Spesiell innsats» og den «Nasjonale Kulturlandskapsprisen»- utdelt på på Ytste Skotet i 2014 .

For alt dette vil styret i Storfjordens venner på vegne av organisasjonen takke dugnadsgruppa på Ytste Skotet og heidre leiaren i gruppa Geir Ola Vatne med æresmedlemsskap i foreininga. Han er ein person som etterlever vårt motto «Vern vår arv»

Styret i Storfjordens Venner 19.08 2017

Æresmedlemer i Storfjordens Venner Terje Haugseth/ Heidi Heggem.

Heidi Heggem og Terje Haugseth er svært viktige bidragsytarar i dugnadsgruppa på Ytste Skotet. Dette er to personar med uvanleg lang fartstid i gruppa. Terje har vore med frå starten for 20 år sidan og delteke på nær alle dugnader 3 gongar i året – vår sommar og haust.Han har såleis vist ei uvanleg interesse for å ta vare på kulturarven vår. Bakgrunnen som bonde - og kva det inneber, har kome til nytte på mange vis i arbeidet på garden Ytste Skotet: Vedlikehald av gardsreiskap og bygningar er døme på dette. Knapt nokon har vore med på fleire restaurerings- og vølingsoppgåver enn han. Dette gjeld også oppattbygging av nedbrotna løer og andre bygningar: Troskot, Stokkeløa, Lisjeløa, Storeløa, Hjelleløa, Smia,naust,vedaskot ,kvennhus m.m. Terje si innsikt i vernearbeid og hans arbeidskapasitet og vedvarande interesse, gjer han til ein særs verdfull medarbeider i dugnadsgruppa og for Storfjordens venner. Då det for tre år sidan blei behov for frivillig hjelp p.ga ferieavikling for dei tilsette i juli månad ,var det ikkje vanskeleg å få Terje saman med Heidi å ta ein 14 dagars tørn. Det same gjentok seg året etter!

Heidi har vore ein trufast Ytste Skotet ven, med utallege besøk og oppgåver på garden. Ho kom med frå den aller første tida då Ingunn Nystad var dagleg leiar. Sidan den tida har ho vore på Ytste Skotet i alle år. Ho vikarierte for fleire leiarar og utførte det ofte strevsame arbeidet til alle si fulle tilfredsheit . Få kjenner til alle gjeremåla som krevst på Ytste Skotet betre enn Heidi.

Ho har vore ein uvurderleg ressurs i dugnadsgruppa. «Utan mat og drikke, duger helten(ane) ikke» heiter det. Heidi har m.a. sørga for forpleiinga/ maten til gruppa på beste vis, år etter år, noko som medverkar til at det er triveleg å vere med i gruppa.

Dugnadsgruppa har utvilsomt vore sterkt medverkande til at Storfjordens Venner mottok Den Europeiske kulturminneprisen (Europa Nostra) for «Spesiell innsats» i 2016 og den «Nasjonale Kulturlandskapsprisen» – utdelt på Ytste Skotet i 2014.

For alt dette vil styret på vegne av Storfjordens Venner takke dugnadsgruppa på Ytste Skotet og heidre samboarparet Heidi Heggem og Terje Haugseth ilag, med æresmedlemsskap i foreininga. Dei etterlever vårt motto «Vern vår arv».

Styret i Storfjordens Venner 19.08 2017

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
bottom of page