top of page

EUs kulturminnepris - Europa Nostra 2016 Lokal markering

EUs kulturminnepris Europa Nostra 2016 til Storfjordens Venner vart markert med eit arrangement i Geiranger helga 10.-11.september 2016

Det heile starta med tur til Matvika. Ein svært vellykka tur, til tross for periodevis litt ruskete ver. Nils Roger Matvik orinterte om historia til garden og det var fleire innslag i løpet av tida i Matvika, både musikk, sang og talar. I løa var det dekka med eit velsmakande koldtbord og kaffi, sveler og kaker. Stor takk til vertskapet Nils Roger Matvik og Marit Vatnedal.

Etter retur til Geiranger gjekk turen til Norsk Fjordsenter. Først enkel forfriskning og Storfjordfilmen, og deretter foredrag av leiar i Norsk Kulturarv Kirsti Kolle Grøndahl, formann i Europa Nostra Norge Erik Schultz, dagleg leiar i Norsk Kulturarv Erik Lillebråten og direktør ved Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Katrin Blomvik. Det var også høve til å gå gjennom utstillingane på Fjordsenteret.

Etter ein kort pause var det klart for festmiddag på Hotel Union. Det var kulturrelle innslag ved Ferdafolk, film, sang, mange talar og helsingar frå ulike hald. Det vart eit langt bordsete, men tida går fort i trivleg og godt selskap.

Ein svært vellykka dag for omlag 80 deltakarar som har gjeve mange gode tilbakemeldingar. Generalsekretær i Europa Nostra, Sneska Quaedvlieg-Mihailovic, hadde teke turen til Vestlandet og Geiranger og var storleg imponert over naturen, Storfjordens Venner og arrangementet. I tillegg var det m.a. representantar frå Europa Nostra Norge, Norsk Kulturminnefond, Norsk Kulturarv, Fortidsminneforeningen, frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Fylkeskommune, ordførarar frå kommunane i indre Storfjord, æresmedlemmar, tidlegare styremedlemmar i Storfjordens Venner og noverande styre.

På søndag var det fellestur til Skageflå, open også for andre enn dei som var med på laurdag. I alt 50 personar var med og fekk oppleve Skageflå både i sol og regn. Omlag 20 stk gjekk tilbake til Geiranger via Homlongsætra og Homlong

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
bottom of page