

SYNFARING DJUPDALEN
Storfjordens venner har hatt synfaring i Djupdalen saman med eigaren, Johan Steffen Fivelstad, og handverkar Per Kjell Holtleite. Det er to bygningar som treng restaurering. Naustet er ganske stort og har omfattande skade på taket. Her er det aktuelt å bygge opp igjen deler av takkonstruksjonen. På stovehuset oppe i Djupdalen er det ønske om både vedlikehald og restaurering. Vi håper å få finansiert prosjektet slik at arbeidet kan bli gjort neste år. Djupdalen er eit flott ku


Nydelig gåve fra Gisle Grimeland.
Storfjordens Venner har fått ein nydeleg 25 mm navar frå navarsmed Gisle Grimeland i Rugdevegen på Notodden. Han gratulerer med Europa Nostra-prisen og med jubileumsboka «Med hjarte for arven». Han skriv: «No vonar eg de vil ha glede av navaren og at han hamnar i reiskapskassa til nytte for grindhusvøling.» Navaren hamnar i verktykassa til dugnadsgruppa på Ytste Skotet, og vil utan tvil kome til nytte der. Vi seier tusen takk til Gisle Grimeland for den flotte og nyttige gåva


Synfaring i Smogelia
Nytt restaureringsprosjekt i Smogelia i Synnylvsfjorden Storfjordens Venner på synfaring i Smogelia i Sunnylvsfjorden for å sjå på husmurar som treng restaurering. Prosjektgruppa var der saman med eigaren, John Inge Smoge, og handverkar Harald Årset, som har lang erfaring med tørrmuring. Stovehuset står i veldig bratt terreng, stort sett på steinur som ikkje er heilt stabil. Det er alltid utfordringar når husmurar skal plukkast ned og settast opp att. Ekstra utfordrande er de